Att og fram i 50 år

MF «Jøsenfjord-ferjen» var det siste som mangla for å kunna opna Ryfylkevegen mellom Sandnes og Sand i 1965. I 50 år har ferjene skyssa bilar og passasjerar trygt over fjorden.

TRUFAST KAPTEIN: Helge Røgenes har vore kaptein i Jøsenfjord-sambandet i
nesten 30 av sambandet si 50 år lange historie. I mars hadde han sine siste arbeidsdagar på MF «Hjelmeland». (Foto: Morten Hetland)


Ryfylkevegen blei formelt opna den 2. september 1965, men «Jøsenfjord-ferjen» hadde allereie gått i ordinær rutetrafikk mellom Vindsvik og Tytlandsvik frå 14. juni det same året.

Vegprosjektet Ryfylkevegen blei oppstarta tidleg på 1930-talet, og den etterlengta ferjaruta over Jøsenfjorden var den siste lekken som måtte på plass for å realisera vegprosjektet. «Jøsenfjord-ferjen» kosta 1,5 millionar kroner, og romma 200 passasjerar og 20 personbilar.

 

EI TRAFIKKPULSÅRE
Ryfylkevegen blei ei pulsåre gjennom Ryfylke. Den same dagen som ferjesambandet opna, starta Ryfylkeveiens Billag bussrute på strekninga Tau–Sand.

I sommarsesongen var det mykje trafikk i sambandet, men «i vintermånedene har trafikken vært heller liten», heitte det i årsmeldinga for 1965.

«JØSENFJORD-FERJEN»: MF «Jøsenfjord-ferjen», den første ferja i Jøsenfjord-sambandet, gjekk i trafikk mellom Tytlandsvik og Vindsvik frå 1965 til 1986. Ferja hadde plass til inntil 20 pbe. (Foto: Jürgen Stein)

Den same ferja gjorde sine trufaste turar att og fram mellom Tytlandsvik og Vindsvik i heile 21 år. I toppsesongen sommarstid gjekk det dei siste åra nokre mindre suppleringsferjer, mellom anna reserveferja «Foldøy» (før «Høgsfjord») hadde i fleire år oppdrag som suppleringsferje i sambandet.

Ferja i Jøsenfjord-sambandet gjekk mellom Tytlandsvik og Vindsvik heilt fram til 1. juni 1990, då sambandet blei flytta til strekninga Hjelmeland–Nesvik. Frå hausten 1991 kom òg Skipavik på Ombo med på rutenettet.

 

NY FERJE OG NY KAI

«HJELMELAND» I: MF «Hjelmeland» (40 pbe) trafikkerte mellom Tytlandsvik og Vindsvik i åra 1987-1990, og Nesvik–Hjelmeland frå juni 1990 til januar 1993. Ombo kom òg på rutenettet hausten 1991. (Foto: Bygdaposten for Hjelmeland)

I januar 1993 kom nye MF «Hjelmeland» siglande til Hjelmelandsfjorden, og avløyste forgjengaren med same namn. Kaptein Helge Røgenes flytta då over i sitt tredje skip i sambandet.

– Eg har vore kaptein i sambandet i 29 år, sidan MF «Rennesøy» kom som ny ferje i sambandet. Me har eit godt miljø om bord, så dagane går fort, seier Røgenes, som var administrerande kaptein på MF «Hjelmeland» fram til han gjekk av med pensjon 1. april i år.

– Eg byrja å jobba på sjøen i 1969 på fjordabåten MS «Hjelmelandsfjord». Då gjekk me lengre turar mellom Jøsenfjorden eller Erfjord og Stavanger. Tida på «Hjelmelandsfjord» er nok det kjekkaste minnet eg har frå livet på sjøen. Sjølv om eg berre har lært dette eine her i livet, har eg ikkje trega ein dag på yrkesvalet, humrar Røgenes.

«HJELMELAND» II: Den nyaste MF «Hjelmeland har gått i Jøsenfjord-sambandet sidan 1993, og har romma 85 pbe sidan påbygginga av nytt faldedekk i 2007. (Foto: Morten Hetland)

I løpet av snautt 20 timar siglar MF «Hjelmeland» 62 turar dagleg frå måndag til laurdag, samt 55 turar kvar sundag.

– Me siglar att og fram i storm og stille. Det er mange som undrast på korleis me kan gå den same strekninga kvar dag utan å bli leie, men vêret skiftar jo, så ingen turar er like. Jo meir det bles, jo løgnare er det, smiler den nypensjonerte kapteinen.

– Du har sjølv gått i hamn no, men når trur du Jøsenfjord-ferja blir historie?

– Eg er overbevist om at det kjem til å bli det lengstlevande ferjesambandet i Ryfylke. Fjorden er djup og luftspennet langt, så eg trur det kjem til å gå minst tjue år før ferja blir avløyst av fastlandssamband, konkluderer Helge Røgenes.

Kommentarer

mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv ein kommentar