– Det handlar om å vera synleg

STØRST I NOREG: Den eine silketrykk-maskinen til Fredriksen Silketrykk er blant dei største i Noreg, og kan trykkja inntil tolv fargar om gongen. Jan Henrik og Inger Fredriksen kontrollerer kvaliteten på trykket, før T-skjortene blir pakka og leverte. (Foto: Morten Hetland)
STØRST I NOREG: Den eine silketrykk-maskinen til Fredriksen Silketrykk er blant dei største i Noreg, og kan trykkja inntil tolv fargar om gongen. Jan Henrik og Inger Fredriksen kontrollerer kvaliteten på trykket, før T-skjortene blir pakka og leverte.

I tjue år har Fredriksen Silketrykk på Viganeset hjelpt store og små bedrifter med reklametrykk, reklameartiklar og anna firmaprofilering.

Tekst og foto: Morten Hetland

Fredriksen Silketrykk er svært fleksible i produksjonsmåtar, og tilbyr langt fleire teknikkar enn berre silketrykk.

– Me har utstyr til brodering, silketrykk, folieskjering, digitaltrykk og tampotrykk, noko som gjer at me kan levera reklametrykk på alt frå flasker, koppar og kulepennar, til bil-dekor, baggar, capsar og T-skjorter, fortel dagleg leiar Inger Fredriksen, som eig bedrifta saman med mannen Jan Henrik.

REKLAMETRYKK I TJUE ÅR
I 1995 flytta Jan Henrik Fredriksen til garden Solbjør, om lag 300 meter over havet, i fjellsida over Hetlandsvatnet utanfor Fister. Då byrja han å klargjera fabrikk-lokala til å starta Fredriksen
Silketrykk.

Inger hadde jobb i Stavanger, men frå sommaren 1996 har både ho og Jan Fredrik budd fast på Solbjør, medan dei har arbeidd i fabrikken på Viganeset.

TRUFAST: Grete Meltveit har i snautt tjue år hatt hovudansvaret for både sytrådar og broderingsmønster. (Foto: Morten Hetland)
TRUFAST: Grete Meltveit har i snautt tjue år hatt hovudansvaret for både sytrådar og broderingsmønster.

Eitt snautt år etter oppstarten fekk Inger og Jan Henrik med seg Grete Meltveit, som framleis er éin av dei tre tilsette i bedrifta. Medan Jan Henrik har hovudansvaret for trykkinga, og Grete for broderinga, tek Inger seg stort sett av kontorarbeidet.

– Eg gjer førearbeidet klart på PCen, og Jan Henrik og Grete tek seg av trykking og brodering, så me går godt saman, smiler ho.

Fredriksen Silketrykk leverer det meste av trykk, brodering, reklameartiklar og bil-dekor til bedriftene i Hjelmeland kommune, men er òg underleverandør til ein større aktør i Stavanger-regionen.

– Innan tekstiltrykk har me faktisk éin av dei største silketrykkmaskinane i Noreg, og får difor kundar kringom i heile landet. Maskinen vår trykkjer opptil tolv fargar på likt, for å få den rette effekten på trykket, forklarer Inger.

RYFYLKE-BRODERI: Inger viser at med kreativ brodering har slagordet «RYFYLKE HEILT NATURLIGT», fått dobbel betyding.

MARKNADEN SVINGAR

Inger, Jan Henrik og Grete har merka at det no er ein stagnasjon i oljebransjen. Marknaden har svinga veldig i løpet av dei siste 20 åra, noko som sjølvsagt pregar arbeidsdagane på fabrikken.

– På det meste hadde me åtte tilsette, og nokre av oss jobba nesten døgnet rundt, for å fylla lasterommet i godsruta til topps nokre gonger i veka. No er me inni ein roleg periode, og har berre tre tilsette igjen, forklarer Inger.

– Kvifor merkar dokker denne nedgangstida no?

– Det er nok ein kombinasjon av at marknaden generelt er tilbakehalden, samtidig som fabrikkane i Kina har «kome nærare». Dei blir stadig større konkurrentar, og leverer mykje meir til den norske marknaden enn tidlegare, trur Inger.

– Men me er nok endå meir fleksible i produksjonsmåtar og har relativt kort leveringstid, legg ho til.

– MÅ SKILJA SEG UT
Sjølv om marknaden ikkje nyttar seg av Fredriksen Silketrykk i like stor grad som før, tvilar ikkje Inger på at det framleis er behov for tenestene deira.

– Jobben vår handlar om å hjelpa kunden med å profilera seg så godt som mogleg, tenkjer Inger.

Bedrifter i heile verda har for lengst forstått behovet for å vera synlege i marknaden. Inger trekk særleg fram reklamen på klede og kjøretøy.

– Dess fleire gonger folk ser ein logo, dess lettare hugsar dei den. Då er det ikkje nok med ei avisannonse som ein ser berre éin gong. Det handlar om å vera synleg, heile tida, for å skilja seg ut i marknaden, konkluderer Inger Fredriksen i Fredriksen Silketrykk.

LOKALE KUNDAR: Fredriksen Silketrykk har mange lokale kundar. Her inspiserer Jan Henrik korleis bil-dekoren blei på ein av dei nyaste lastebilane til Ullestad og Jansen Transport AS. Det er Inger som har utforma dekor-elementet deira, medan Jan Henrik har skore ut folien og montert den på lastebilen. (Foto: Morten Hetland)
LOKALE KUNDAR: Fredriksen Silketrykk har mange lokale kundar. Her inspiserer Jan Henrik korleis bil-dekoren blei på ein av dei nyaste lastebilane til Ullestad og Jansen Transport AS. Det er Inger som har utforma dekor-elementet deira, medan Jan Henrik har skore ut folien og montert den på lastebilen.

Kommentarer

mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv ein kommentar