Graving og transport som livsstil

Lars Gunnar

Lars Gunnar Jansen (49) byrja sin yrkesaktive karriere for 33 år sidan. Han har drive med anleggsarbeid og kjørt lastebilar og gravemaskinar i meir enn halve livet. Jobben hans har blitt ein livsstil.

Lars Gunnar Jansen er dagleg leiar i transport- og entreprenørverksemda Ullestad og Jansen Transport AS, der han har ansvar for til saman fjorten arbeidsplassar. I tillegg til kona Aslaug, som er kontorsjef, har to av brørne hans, Olav og Svein Harald, samt to av borna, Kenneth og Veronica, sine arbeidsplassar i den 28 år gamle familiebedrifta på Hjelmeland.

– Eg starta Ullestad og Jansen Transport i 1986 saman med svogeren min, Oddbjørn Ullestad. Me overtok to kraftfôrbilar etter svigerfar Jon Ullestad, og utvida etter kvart med fleire lastebilar; først kranbil og deretter trailerar for langtransport. Nokre år seinare kjøpte eg Oddbjørn ut, og har sidan den gongen drive bedrifta saman med kona, fortel Lars Gunnar.

BORING: Lars Gunnar byrja sin yrkesaktive karriere i anleggsbransen. Her styrer Lars Gunnar boreriggen under grunnarbeidet med Randøy skule i 1982. (Foto: Bygdaposten for Hjelmeland)
BORING: Lars Gunnar byrja sin yrkesaktive karriere i anleggsbransen. Her styrer Lars Gunnar boreriggen under grunnarbeidet med Randøy skule i 1982. (Foto: Bygdaposten for Hjelmeland)

– EG TRIVST BEST PÅ GOLVET

Den 33 år lange yrkeskarrieren til Lars Gunnar starta med anleggsarbeid for Osvald Hebnes. Deretter skaffa han seg verdifull erfaring hjå Kvame Grustak, Ryfylke Maskin, Norsk Sand og entreprenør Jon Ullestad, før han og Oddbjørn Ullestad starta Ullestad og Jansen Transport.

Heile tida har Lars Gunnar vore oppteken av å justera tenestetilbodet etter kva marknaden ynskjer, så for fjorten år sidan, då Ullestad og Jansen Transport AS endeleg kunne flytta inn i nye verkstad- og administrasjonslokale på Viganeset, utvida selskapet med si eiga entreprenøravdeling.

I dag sysselset Ullestad og Jansen Transport AS sju tilsette i transportavdelinga og seks tilsette i entreprenøravdelinga, i tillegg til éi stilling som kontorsjef.

– Det har vore gjevande å byggja opp ei bedrift på denne måten, og kunna vera med på å skapa arbeidsplassar i kommunen, seier den stolte bedriftsleiaren, og forklarer vidare:

– No kan me ta på oss mange typar oppdrag innan entreprenørtenester; alt frå graving, transport, vegbygging, vatn og avløp, opparbeiding av tomter, brøyting, samt sommar- og vintervedlikehald av vegar. Innan transport tilbyr me langtransport – stort sett i aksen Stavanger–Oslo – kranbilkjøring, massetransport, krokløftbil til frakt av trelast, gjødsel og kraftfôr, samt transport av kraftfôrvarer i bulk og sekk frå Strand i sør, via Hjelmeland og Suldal, til Røldal i nord, fortel Lars Gunnar.

Eg trur det er ein klar fordel for trivselen at dei tilsette ser meg som ein kollega, og ikkje som ein sjef.

Sjølv om entreprenør- og transportverksemda hans har mange jern i elden, får Lars Gunnar med seg det meste.

– Eg har jobba med alle tenestene me utfører, og når dei tilsette har ferie avløyser eg som regel deira oppgåver. Når eg veit korleis ting skal gjerast, har eg òg betre oversyn på heile verksemda. Dessutan er eg ikkje nokon kontormann. Eg trivst best på «golvet», og likar å møta kundane ute på marka. Eg trur òg det er ein klar fordel for trivselen at dei tilsette ser meg som ein kollega, og ikkje som ein sjef. Då er alle med på å dra lasset saman, slår Lars Gunnar fast.

– ME MÅ TILPASSA OSS MARKNADEN

Ei stund hadde Lars Gunnar 25 tilsette å halda arbeid til, men då finanskrisa i 2008 råka transportbransjen med full kraft nesten over natta, blei det brått vanskeleg å betala kostnadene knytt til lastebilar og utstyr som gav stadig mindre inntekter.

– Det er ingen tvil om at det har vore ein tøff bransje, men då me tilpassa oss marknaden kom me oss over den kneika òg. Det var rett og slett ei lærerik tid, og me lærte verkeleg kva finansieringsselskapa og bankane stod for, både i positiv og negativ forstand, seier Lars Gunnar med eit lurt smil.

– Den viktigaste regelen i denne bransjen er å vera nøktern og forsiktig, så no har me teke ein del grep og endra kursen, slik at det går i positiv retning, forklarer Lars Gunnar, som saman med dei andre tilsette i Ullestad og Jansen Transport AS har all grunn til å vera fornøgde.

Det er kjekt å kunna stå fram som eit solid selskap med sikre arbeidsplassar!

Alle dei fire siste åra har selskapet hatt eit positivt driftsresultat og omsett for over 30 millionar kroner. Bedriftsopplysingstenesta Proff® meiner at Ullestad og Jansen Transport AS, basert på rekneskapstala frå 2012, har god likviditetsgrad, svært god lønnsemd og svært god soliditet.

– Me har jaggu fått slita for å få til desse rekneskapstala, men det er kjekt å kunna stå fram som eit solid selskap med sikre arbeidsplassar!

For å sikra arbeidsplasser og nye oppgåver til entreprenøravdelinga, har Lars Gunnar i nyare tid engasjert seg innan tomteutvikling.

– Me har nyleg stifta eit tomteutviklingsselskap saman med Hjelmeland Bygg AS, der me i første omgang skal utvikla dei fjorten regulerte bueiningane på den gamle tennisbanen på Breidablikk. Elles eig me tomtene til seks av seksten bueiningar i det nye Hamrane bustadfelt på Tuntland, like ved Hjelmeland Idrettsanlegg. Og så har me eit grunneigar-/entreprenørsamarbeid om fjorten hytter og to bustader i Buhammaren ved Døvik, forklarer Lars Gunnar, og legg raskt til:

– Me vil at unge skal kunna etablera seg her til ein fornuftig pris.

ARBEIDSKAR: Jobben innan transport- og entreprenørbransjen har blitt ein livsstil for Lars Gunnar. Han jobbar ofte meir enn 37,5 timar i veka, og tek sjeldan ferie. (Foto: Morten Hetland)
ARBEIDSKAR: Jobben innan transport- og entreprenørbransjen har blitt ein livsstil for Lars Gunnar. Han jobbar ofte meir enn 37,5 timar i veka, og tek sjeldan ferie. (Foto: Morten Hetland)

LIKAR Å HA DET TRAVELT

Lars Gunnar likar å ha det travelt. I rolege periodar finn han gjerne nye oppgåver, slik at det blir endå travlare enn nokon gong tidlegare.

– Viss det er lite å gjera blir eg rastlaus, forklarer han.

– Me har høyrt at du ikkje har tenkt å ta ut ferie i år. Stemmer det?

– Nei, eg tar nok ikkje ferie i år heller, men éin gong skal eg ha ferie… Eller, det seier eg forresten kvart år, smiler den aktive arbeidskaren.

Lars Gunnar trur at oppveksten på gard, kombinert med arbeidsame foreldre, har lagt grunnlaget for at både han sjølv og broren Jan Kåre har starta kvar sine bedrifter: Lars Gunnar innan transport og graving, og Jan Kåre innan betong og mur.

– Me har alltid vore vane med å arbeida. Sjølv om me var born, måtte me hjelpa til på garden og i fjoset, og om somrane stod me i siloen. Gjennom heile året var me med på det som måtte gjerast. Me har nok òg teke mykje etter far, som alltid har jobba; først i transportbransjen, og seinare som drosjesjåfør i ei årrekkje.

Lars Gunnar legg ikkje skjul på at firmaet som han og kona har bygt opp har blitt svært så personleg i løpet av åra.

– Jobben har blitt ein livsstil. Mange har sagt at eg må ta det med ro og ta fri, men eg er alltid tilgjengeleg på telefon uansett. Det er alltid noko som må ordnast, og då er det like greitt å få det gjort med ein gong. Difor har eg lært meg til å gå på jobb kvar dag, og eg jobbar stort sett alltid, men eg trivst med det. Eg har trivelege tilsette, og gilde kundar, og ikkje minst ei kone som alltid har støtta opp og vore ei viktig drivkraft.

– Og dette er nøkkelen til suksess og rikdom?

– Nei, rik blir eg nok ikkje, men det har vore ein fordel at viljen til å skapa noko har vore der heilt sidan oppveksen, konkluderer dagleg leiar Lars Gunnar Jansen.

Kommentarer

mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv ein kommentar