Informasjon/Description

Årdal gamle kyrkje er ei av dei mest særmerka og vakre renessansekyrkjene i tre frå 1600-talet. Den eldste delen av kyrkja blei bygt i 1619. Då kyrkja blei for lita for den aukande folkemengda, blei den eine brystveggen saga ut, og kyrkja blei forlenga. Dette blei gjort to gonger, slik at kyrkja har fått si særprega form. Kyrkja var i aktiv bruk fram til 1919.

Inni kyrkja er det malt flotte dekorasjonar av profetar, englar og blomster. Preikestolen og altertavla blei dekorert av kyrkjemalar Godtfred Hendtzschel.

I gamle dagar blei klasseskiljet i bygda òg markert i kyrkja, ved at dei rikaste gardane hadde plassane sine på benkane lengst framme i kyrkja, og desse var i tillegg flottast utsmykka og merka med namnet på garden.

Kyrkja er freda og er ei av dei best bevarte renessansekyrkjene i Noreg. Kyrkja blir brukt til nokre få gudstenester i året, og til vigslar og konsertar.

Stad/Place
Kategori/Category
Følg oss/Follow
mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv vurdering