Fister kyrkje

Kyrkje frå 1867 med utsikt over Fisterfjorden.

    Informasjon/Description

    Fister kyrke ligg vakkert til på ei høgd over Fistervågen. Kyrkja blei bygt i 1867, og er ei tømra langkyrkje med tårn, teikna av arkitekten Hans Ditlev Franciscus von Linstow.

    Kyrkja har preikestol, altertavle, døypefont og noko kyrkjesølv frå den gamle kyrkja på Fister (1604-1867).

    I kyrkja heng det eit krusifiks frå 1500-talet.

    Det er om lag 20 gudstenester, 3-4 vigsler og 8-10 gravferder i Fister kyrkje kvart år.

    Fister kyrkje har om lag 230 sitjeplassar.

    Stad/Place
    Kategori/Category
    Følg oss/Follow
    mood_bad
  • Ingen kommentarar
  • chat
    Skriv tilbakemelding
    keyboard_arrow_up