Informasjon/Description

Hiafossen ligg like ved turstien mellom Nes og Viglesdalen i Årdal. Ved stor vassføring er turen forbi fossen ei mektig naturoppleving.

I løypeprofilen under er utsiktspunktet til Hiafossen ved avstikkaren ca. 2,5 km frå Nes, før turstien går vidare heilt inn til Viglesdalen.

Hiafossen ligg om lag ein times tur opp frå parkeringsplassen på Nes i Årdal. Gratis parkering.

Heile turen går på ein fasinerande driftarveg, som blei bygt av svenske sluskar (=vegarbeidarar) i åra 1907–1912.

Stad/Place
Kategori/Category
Følg oss/Follow
mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv vurdering