Informasjon/Description

Hjelmeland skule held til i to bygningar innanfor kort gåavstand: barneskulen – som òg husar SFO – og ungdomsskulen.

Hjelmeland skule har som overordna mål å skapa sjølvstendige elevar i eit trygt nærmiljø.

Hjelmelandshallen og Hjelmeland idrettsanlegg ligg òg innanfor skuleområdet, og blir brukt til kroppsøving for både ungdomsskulen og barneskulen.

Skulen har elles eit stort og flott utearel, med mellom anna basketballbane, grusbane og tarzanjungel. Ein flott tursti går rundt heile skuleområdet, og svingar innom ein gapahuk med grillplass.

Det er ca. 110 elevar og ca. 20 tilsette ved barneskulen.

Stad/Place
Kategori/Category
Følg oss/Follow
mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv vurdering