Informasjon/Description

Viga er ei perle av ein museumsgard, med høg kulturhistorisk verdi. Vigatunet, slik det står i dag, blei sjåande slik ut i 1821. I dag står eit stovehus med røykstove frå 1600-talet, eldhus, stabbur, løe og ei mindre stove, kalla Sisselastova, på tunet.

 

Viga var eit av dei største gardsbruka i Hjelmeland, og folket på garden hadde fleire tenestefolk. Driftsgrunnlaget var åkerbruk og husdyrhald, men det blei òg dyrka frukt.

 

I 1990 etablerte Ryfylkemuseet ein frukthistorisk hage i Viga, med over hundre frukttre, som representerer tradisjonelle eple-, pære- og plommesortar frå Ryfylke.

 

I 1955 blei Vigatunet fråflytta, og overtatt som museumstun i 1970. Den tidlegare eigaren let mykje av inventaret stå igjen i husa, og dermed kjem ein tett på dagleglivet til personane som levde her, og får eit autentisk innblikk i levesett, gardshald og arbeidsmetodar.

 

Pris: kr 60 for vaksne, kr 30 for barn og kr 150 for familie

 

Grupper kan òg bestilla omvisning utanom ordinær opningstid om sommaren.

Stengt
Opningstider i dag: Etter avtale
  • måndag

    Etter avtale

  • tysdag

    Etter avtale

  • onsdag

    Etter avtale

  • torsdag

    12:00 - 16:00

  • Fredag

    12:00 - 16:00

  • laurdag

    12:00 - 16:00

  • Sundag

    12:00 - 16:00

  • 26.08.2019 06:29 lokal tid

Stad/Place
Kategori/Category
Følg oss/Follow
mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv vurdering