Nisjeprodukt frå Jøsneset

I haust blir det slakta 100 villsaulam og 14 jersey-kalvar frå garden til Silje Sværen på Jøsneset. På nabogarden tappar Jostein Hjorteland 7.000 liter eplemost kvart år.

KJØT: Silje Sværen (t.v.) står bak kjøtproduksjonen til Buhagen.
KJØT: Silje Sværen står bak kjøtproduksjonen til Buhagen. (Foto: Morten Hetland)

Kjøtet frå garden til Øyvind Oaland og Silje Sværen blir selt som merkevara Buhagen. Buhagen er òg namnet på eplemosten som Jostein og Berit S. Hjorteland tappar på nabogarden.

– Me har eigentleg ein relativt liten mjølkekvote, og måtte difor spe på med noko anna. Det er ingenting i landbruket som blir til gull, så her må me skrapa saman det me kan, fortel Silje Sværen.

Dette var grunnen til at ho og mannen bygde opp eit produksjonslokale og starta opp Buhagen saman med naboane Jostein og Berit S. Hjorteland.

På produktlista til Buhagen finn ein mellom anna pinnakjøt, fenalår, fårikålkjøt og lammesteik av villsau, samt indrefilet, ytrefilet, entrecote, mørbrad og flatbiff av jersey-kalvar. Dessutan blir det tappa frisk og fyldig eplemost på flasker og kartong.

– I vår produksjon blir det ofte små volum av mange produkt. Eg trur ikkje me greier å konkurrera med dei store leverandørane, men det er heller ikkje noko mål. Dette gjer me mest for å behalda litt av verdiskapinga sjølv,fortel dei.

– God mat er heldigvis i vinden for tida. Me har våre trufaste kundar, og mange av dei handlar av oss meir som privatpersonar enn næringsdrivande. Då bør produkta absolutt vera bra, konkluderer Silje og Jostein.

EPLEMOST: Jostein Hjorteland tappar Buhagen Eplemost på garden sin på Skiftun. (Foto: Morten Hetland)
EPLEMOST: Jostein Hjorteland tappar Buhagen Eplemost på garden sin på Skiftun. (Foto: Morten Hetland)

Kommentarer

mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv ein kommentar