Hagalid – Skomakarnibbå:


Hegglandsåna – Skomakarnibbå:


Skomakarnibbå er namnet på eit særmerkt fjellparti ved Jøsenfjorden. Ein tur til Skomakarnibbå er ei variert og spennande oppleving. Turen går opp i 700 meters høgd med vakkert utsyn over fjell og fjord.

Sving av frå riksveg 13 i rundkjøringa ved Sande. (ferjestøa på Hjelmeland) Følg fylkevegen mot Vormedalen om lag 1,5 km. Avkjørsle til Hagalid og Skomakarnibbå er skilta. Parkering mot avgift før tunet på Hagalid. Turen startar på Hagalid.

Alternativ rute er frå Hegglandsåna til Skomakarnibbå, og tilbake via Låtveit og Heggland.

Første del av turen går på skogsveg  gjennom skogsterreng. Sidan ber det på på sti opp på fjellet og fram til Ullsvikjuvet ved Jøsenfjorden. Her ligg Skomakarnibbå.

Tur/retur ca 5-6 timar.