Ærværdige Vigatunet

Ryfylkemuseet sitt museumstun i Viga har høg kulturhistorisk verdi. Dei fleste museumsbygningane i Viga dannar eit tett tun, som har stått slik sidan 1821.

Museumsanlegget i Viga består av seks bygningar i eitt tett tun, i tillegg til tørkehus, kvernhus og naust utanfor tunet. I løpet av 2014 var det snautt 500 besøkande i Vigatunet.

I skriftlege kjelder kan ein følgja garden tilbake til 1500-talet, men slik tunet står no blei det sjåande ut etter den siste utskiftinga i 1821.

– Bygningane i Viga representerer høg aldersverdi, og syner utviklinga av tradisjonshandverk og byggjeskikk over fleire hundre år. I tillegg representerer bygningane ein typisk lokal byggjetradisjon, med lafta stover, fjos og mathus, med stavkonstruksjon i uthus-bygningane og med helletekte tak, fortel bygningsantikvar Grete Holmboe.

Museumsbygningane i Viga var lenge nedprioriterte av Ryfylkemuseet, men i 2009 sette museet i gang eit omfattande restaureringsarbeid etter gammal byggeskikk og gamle metodar. Trass i at ein del av bygningsmateriala er skifta ut i restaureringsarbeida, vitnar Vigatunet framleis om korleis ryfylkingane levde i farne tider.

Gammalt og nytt: Både Løa (nærast) og Stovehuset har blitt restaurert av handverkarane til Ryfylkemuseet i nyare tid. (Foto: Vegard Terøy)
GAMMALT OG NYTT: Både Løa (nærast) og Stovehuset har blitt restaurert av handverkarane til Ryfylkemuseet i nyare tid. (Foto: Vegard Terøy)
FRUKTHISTORIE: Ein gammal steingard skil hovudhuset på garden frå den frukthistoriske hagen, som blei opna i 1990. (Foto: Vegard Terøy)

MATLAGRING: Stabburet står som eit vitne om tidlegare tradisjonar med langtidslagring av mat i eigne mathus i gardstunet. (Foto: Vegard Terøy)

HOGGESTABBE: Øksa og hoggestabben står klar i vedskuten i Stovehuset. Bak ligg Sissela-stova. (Foto: Vegard Terøy)

TIDSVITNE: I Vigatunet er det nesten som om tida står stille, i alle fall om ein skal tru dette timeglaset. (Foto: Morten Hetland)

ELDHUSET: Etter restaureringa kan Eldhuset brukast til steiking av syrekaker og potetkaker. Anna Sæbø viser korleis det skal gjerast. (Foto: Morten Hetland)

FRUKT-GARD: Vigatunet har rike frukt-tradisjonar. (Foto: Morten Hetland)

MANGE GJENSTANDAR: I Vigatunet finn ein om lag 2.000 gjenstandar som er knytt til livet på garden, mellom anna desse mjølkespanna. (Foto: Morten Hetland)

TETT TUN: Viga var éin av dei største gardane i Hjelmeland, sjølv om det var trongt mellom bygningane. (Foto: Vegard Terøy)

«FURET, VÆRBITT…»: Eldhuset i Vigatunet blei restaurert i 2009–2010, men er framleis sterkt prega av tidas tann. (Foto: Morten Hetland)

Kommentarer

mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv ein kommentar