Segnomsuste Tverrgjøvle

MOT TVERRGJØVLE: Frå parkeringsplassen på Nes slyngjer stien seg gjennom idyllisk granskog, bratt oppover lia mot Tverrgjøvle.

Me er heldigvis rikt velsigna med flotte og interessante turmål i vår del av landet. Når ein får spørsmål om å velja seg ein tur, ja, så er utvalet stort.

Tekst og foto: Eldfinn Austigard

Eg kan kanskje henta fram ein tur der du må slita litt for å nå målet, og som kanskje ikkje er så kjent utanfor det næraste nærområdet, nemleg Hiaheia og segnomsuste Tverrgjøvle.

Frå Årdal kjører ein inn-over mot Nes. I skogen, om lag 300 meter før parkeringsplassen ved Nes, finn du skilt som viser veg opp lia mot Tverrgjøvle. Her er det òg ein liten parkeringsplass. Derifrå går stien bratt oppover lia, gjennom idyllisk granskog. Langs stien passerer du irrgrøne stubbar og steinar, som skaper kjensle av å ferdas i urørt natur, ja, kanskje urskog kjem deg i tankane?

Vel oppe på snauheia får du vidt utsyn over resten av verda – i alle fall store delar av Ryfylke. Du kan blant anna notera deg at du ser to Tysdalsvatn frå same utkikkspunkt, for slikt er ikkje daglegdags. Og ingen andre stader enn frå Hiaheia har du så fint utsyn over den flotte Åse-garden, med den anonyme giganten Ryganfossen i bakgrunnen.

VILT LANDSKAP: Like ved Tverrgjøvle strekk fjella seg 600-800 meter opp frå vassoverflata på Øvre Tysdalsvatn (Trodlatysdalsvatnet).

Hiaheia er etter måten tung å gå, men den gjev deg ei kjensle av å ferdas høgt og fritt, sjølv om du nettopp gjekk frå parkeringsplassen der nede i dalen.

Her oppe kan du lett få assosiasjonar til både Besseggen og Preikestolen. Sjølve Tverrgjøvle var nok litt meir utilnærmeleg i tidlegare tider. Historia fortel at reinsdyra kunne ta seg fram hit, men ikkje lenger. Det kunne også vera problematisk å få jaga sauene forbi den smale eggen her, der du ser ned i Storånå på sørsida av ryggen og Tysdalsvatnet på nordsida. Ja, enkelte makta ikkje å gå over her, dei måtte krype.

I dag er Tverrgjøvle meir gjestmildt. Gjennom åra har ein utbetra området og lagt til rette for at passasjen her skal bli mindre problematisk å ferdast på. Når du no passerer Tverrgjøvle på turen din, så vil du kanskje tenkja at dette var då ingen ting?

Du kan gå turen på halvannan til to timar, men du bør setje av to til tre timar tur/retur frå Nesskogen. Ein skal ta seg tid til å setja seg ned på slike turar.

 

PÅ HIAHEIA: Når ein kjem oppå Hiaheia skal ein ha tid til å setja seg ned. Under pusten i bakken ser ein Tysdalsvatnet i bakgrunnen til venstre og Øvre Tysdalsvatn (Trodlatysdalsvatnet) nærast til høgre.

MERK: Turstien og løypeprofilen under viser turstien frå Nes, over Tverrgjøvle og vidare heilt inn til Viglesdalen.

Kommentarer

mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv ein kommentar