Sjølvbetjening på biblioteket

BIBLIOTEKSJEF: Grete Haugen Sandvik er fornøgd med at Ryfylkebiblioteket Hjelmeland frå februar kan tilby sjølvbetjening på måndagar. (Foto: Morten Hetland)
BIBLIOTEKSJEF: Grete Haugen Sandvik er fornøgd med at Ryfylkebiblioteket Hjelmeland frå februar kan tilby sjølvbetjening på måndagar. (Foto: Morten Hetland)

I februar opnar Ryfylkebiblioteket Hjelmeland for at leselystne kan stikka innom og levera eller låna bøker på eigahand.

Grunna innsparingar i Hjelmeland kommune har Ryfylkebiblioteket Hjelmeland vore stengt på måndagar. No melder biblioteket at dørene blir opna for sjølvbetjening frå klokka 10:00 kvar måndag frå og med 3. februar.

Besøkjande kan då ta seg av registrering av nye lån sjølv. Alt ein treng er lånekort eller strekkoden til lånekortet på ein smarttelefon, samt ein PIN-kode.

Biblioteksjef Grete Haugen Sandvik er svært fornøgd med den nye ordninga, og viser gjerne fram kor enkelt det er:

This slideshow requires JavaScript.

– Dette er eit forsøk på å gjera biblioteket så tilgjengeleg som overhovudet mogleg. Det har ikkje vore kjekt å halda stengt på måndagane, så dette er ei god ordning både for oss og lesarane, seier Haugen Sandvik. Ho påpeikar at biblioteket er folket sin eigedom, og trur ikkje at nokon kjem til å misbruka tilliten.

– Me stolar på folk, og trur at dette kjem til å gå veldig fint. Dørene vil vera opne, og så kan folk leita i hyllene, finna det dei vil ha, og registrera bøkene på ein datamaskin. For folk som veit kva dei er på jakt etter, og ikkje treng hjelp frå betjeninga, er dette kjempegreitt. Kanskje blir det nokre problem i starten, for eksempel at folk manglar lånekort eller PIN-kode, og difor oppfordrar me folk til å ta kontakt i den betjente opningstida viss ein treng hjelp til å noko av dette.

Biblioteksjefen nyttar samstundes sjansen til å minna om at lesarane enkelt kan låna e-bøker på Ryfylkebiblioteket sin nettstad. Då kan ein logga på og låna bøkene frå kor som helst, og lesa dei på nettbrett eller mobil.

– Ryfylkebiblioteket er eitt av få bibliotek som har denne ordninga, og me har eit godt utval av bøker. Særleg nye, norske bøker blir fort tilgjengelege som e-bok. Å låna digitalt kan vera kjekt, til dømes på reise. Mange nyttar seg av dette allereie, men det er nok enda fleire som kan bli merksame på moglegheiten, trur biblioteksjef Grete Haugen Sandvik hjå Ryfylkebiblioteket Hjelmeland.

Kommentarer

mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • chat
    Skriv ein kommentar